Røldalsrennet 2. januar 2021

Røldal idrettslag har gleden av å ynskja velkommen til Røldalsrennet 2. januar 2021!

På grunn av snøamangel i Røldal er rennet flytta til Korlevoll skistadion med start kl 11:00 for klassane 8-14 år og kl. 14:00 for klassane 15 år og eldre.

I skrivande stund er det flotte skiforhold på Korlevoll, og værmeldingane ser meget lovande ut med kaldt, flott vintervær.

Viser til tidligare informasjon ang Covid-19.

Lenke til resultater:

https://live.eqtiming.com/55299

Røldalsrennet 2. januar 2021

Røldal IL ynskjer velkomen til langrenn klassisk stil i Røldal, laurdag 2. januar 2021. 

Start frå Røldal grendahus kl. 11.00 for klassane 8-14 år (kohort 1), og kl. 14.00 for klassane 15 år og eldre (kohort 2). Rennkontor same stad. 

På grunn av smittevern er det ved snømangel ikkje aktuelt å flytte rennet til andre stadar enn Korlevoll. Klassisk stilart for alle klassar. 

Røldalsrennet er i år dessvere på grunn av Covid-19 kun forbeholdt løperar i Hordaland skikrets.

Klasseinndeling: 

8-10 år: 1 km 

11-12 år: 2 km 

13-14 år: 3 km 

15-16 år: 5 km 

Junior og senior kvinner : 5 km 

Junior og senior menn : 10 km. 

Påmelding innan 28. desember på minidrett eller Hordaland Skikrets si heimesida. Startkontingent etter Norges Skiforbund sine satsar. 

Det vert ikkje anledning for etterpåmelding. 

Alle foreldre/ støtteaperat må hugse å melde seg på via minidrett. Hugs å melde deg på i rett kohort då ein ikkje kan delta i begge kohortane.   

Meir informasjon om rennet vert lagt ut på heimesida til Røldal IL og på Facebook når rennet nærmar seg.

Kontaktadresse : roldalidrettslag@gmail.com 

Rennleiar : Odd Ivar Medhus tlf. 48 99 73 27. 

Velkomen til ein fin skidag i Røldal ! Røldal IL – skigruppa

Treningstider

Dei fleste treningene er no komne i gong!
Måndag
Kl. 19-20 Dametrim
Kl.20-21 Styrketrening med Lars for ung.skule/ vaksne menn og damer.

Spinning på garasjen kl 18.30 (Følg med på facebook om endringar)

Tysdag
Kl. 17-18 Gym 1.-4. Klasse. Oppstart 19.sept
Kl.18-19 Gym 5-7. Klasse. Oppstart 19.sept?
Kl. 19- 20 Gym/ styrketrening ung.skule damer
Kl. 20- 21 Innebandy/fotball ung.skule menn

Onsdag
Kl. 17-18 Born under skulealder. Oppstart ?

Torsdag
Kl.19- 20 Styrke/ «frisikis» ung.skule damer
Kl. 20- 21 innebandy/fotball ung.skule menn

I tillegg kjem fotballtrening, skitrening og spinning. For spinningtider sjå eiga gruppe for spinning. Ta kontakt hvis de ønskjer å vera med i gruppa.

Røldal Cup 2017

Røldal idrettslag har den store gleda å invitere til fotballcup i Røldal lørdag 09. september 2017

Den gamle grusbanen er historie og vi har fått på plass ein flott intim kunstgrasbane.

 

Alle lag frå 6 -12 år er velkomne til ein hyggelig fotballdag i Røldal, sjå vedlagt invitasjon.

Invitasjon Røldal Cup 2017

 


Flott om du kan videresende e-posten til andre lag/relevante kontaktpersonar i klubben din.

MVH

Ballgruppa i Røldal IL
Tore Hamre